Til leseforslag
Omslag: "Den dagen Nils Vik døde : roman" av Frode Grytten

Vaksne

Den dagen Nils Vik døde

Grytten, Frode2023

RomanerEldre menn Passasjertransport – sjøfart Vestlandet
Bestill

Anbefaling

Roleg og ettertenksomt om livet og døden.

Boka fekk Brageprisen i 2023, og strålande kritikkar i avisene. Tittelen på boka røper kva som skjer: «Den dagen Nils Vik døde». Skysskaren legg ut på sin siste båttur. Med høg litterær kvalitet og stor menneskeinnsikt skildrar Frode Grytten Nils sitt tilbakeblikk på livet og alle menneska han møtte. Om naturen, kysten og båtlivet, om einsemd, sorg, vald, håp, skjøre relasjonar, og om å elska kona si gjennom eit langt liv og om å mista livet når ho døyr.

Om boka

Over fjorden går han. Over fjorden utan å nøle. Over fjorden som så mange gongar før. Seint og tidlig. Morgon og kveld. I storm og stille. Mot aust og mot vest. Bare måsane følger han, dei mumlar og klagar, verkar unaturlig kvite der dei heng over båten. Nils Vik snur seg. Huset glir straks ut av syne. Neste gong han snur seg, vil han ikkje kunne sjå det. I hjartet av Norge legg ein båt frå land. Vi følger Nils Vik på hans siste reise. Han er ein enkel mann med ein enkel jobb. Han skal få folk over fjorden med båten sin, han skal få dei heim igjen. Men det som ser enkelt ut, viser seg gjerne å vere meir komplisert. "Den dagen Nils Vik døde" er som ein dødsmeditasjon over eit liv og eit landskap. Det er ein roman om ein mann som berre har elska ei kvinne, og som elsker henne framleis, og som nå legg ut på si siste reise.

Kontakt

Hå kommune
Ansvarleg redaktør: Anette Garvik
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagramBesøk oss på youtube
Bygd med Libry Content