Anbefaling
Er du interessert i fisking? Det er ikkje eg – men likevel koste eg meg med denne boka.
Her er me i lag med gamle onkel Ivar, og brorsonen hans Jon, på ei vekes fisketur på fjellet. Jon skal arve fiskeretten i vatnet og hytta som høyrer til, Fiskehuset. Onkel Ivar skal lære Jon alt han kan om robåt og garnfiske. Og alt må Jon skriva ned i den blå boka.
Romanen er melankolsk og underfundig, med både humor og alvor. Gamle Ivar er ofte direkte ufin, men alikevel er det ein varme mellom dei to mennene.
Boka er skreven på nynorsk, språket er poetisk og med korte setninger.
Og på slutten tar forteljinga ei overraskande vending!
Astrid Fylling Hodne
Nærbø
Om boka
Ivar Helgesen Aal er 79 år, og kroppen byrjer å svikte. Han er bedriftseigar, meisterspelemann på hardingfele og fiskar i fiskevatnet Storsenn. Nevøen Jon Aslesson Aal er 47 år, jobbar som lærarassistent, syng og speler gitar. Ivar vil at Jon skal ta over fiskevatnet. Dei to reiser på haustfiske saman, og den fire kilometer lange turen frå bilen til Storsennvatnet kjennest som fire mil for Ivar, som dett og slår seg. På fisketuren snakkar dei ut om kva som må til i livet. Omtalen er utarbeidd av BS.