Til leseforslag
Omslag: "Husjomfru : roman" av Edvard Hoem

Vaksne

Husjomfru

Hoem, Edvard2023

Biografiske fortellinger Historiske fortellinger Romaner SlektsromanerHushjelper Bergen Kristiansund
Bestill

Anbefaling

Har du lese om "Slåttekar i himmelen" og dei andre slektningane til Edvard Hoem?

Hoem tenkte at "Felemakaren" skulle vera sjette og siste bok i slektskrøniken. Men så hadde han ein draum om ei kvinne som sa "Kva med meg, da?" Kvinna var Julie Elisabeth Hoem, attpåklatten i fele­maker Lars Hoem sin heim utanfor Kristiansund, jenta som mista mora då ho var ellve. Boka har det same rolege, nøkterne og saklege språket som dei andre bøkene. Hoem legg ikkje skjul på at han må dikte mykje, sidan han fann lite kjeldemateriale om henne, men han dikter godt og maler fram ei truverdig og levande kvinne. Som alltid fletter han inn mange historiske hendingar og fakta. "Husjomfru" er ei fin, litt sår historie.

Om boka

Året er 1911. Julie Elisabeth Hoem, felemakar Lars Olsen Hoems yngste dotter, døyr på gamleheimen på Nordnes, 75 år gammal. I Bergens Tidende står det at ho hadde ingen efterladte og efterlod sig intet. Romanen "Husjomfru" fortel om livet hennar. I utgangspunktet er Julie Elisabeth ei ungjente som aldri slår blikket ned, og som vekker oppsikt kvar ho kjem. Men tidene forandrar seg, og menneska blir forandra av tidene. Etter å ha tent i tidlege ungdomsår i fine hus i Christiansund, lever Julie Elisabeth som husjomfru hos dei fremste familiane i Bergen. Ho har mange tenarar under seg. Ho inntar måltida ved herskapets bord. Men ho får også erfare at det er stor avstand mellom klassane, og at den privilegerte posisjonen ikkje eigentleg er hennar eigen. Ut frå eit sparsamt tilfang av historiske fakta løftar Edvard Hoem fram eit kvinneliv i tida før velferdssamfunnet var ein realitet. "Husjomfru" er romanen om korleis tilfeldige avgjerder får livsvarige konsekvensar, om draumar om kjærleik som aldri vart fullbyrda, men også om eit liv fylt av meining.

Kontakt

Hå kommune
Ansvarleg redaktør: Anette Garvik
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagramBesøk oss på youtube
Bygd med Libry Content