Til leseforslag
Omslag: "Når landet mørknar : roman" av Tore Kvæven

Vaksne

Når landet mørknar

Tore Kvæven

Historisk litteratur Historisk Roman Romaner1200-tallet Grønland
Bestill

Anbefaling

Svært god språkdrakt med utruleg detaljrike og utrykksfulle naturskildringer.

Her er me på Grønland på slutten av 1200-talet. Då budde det tusenvis av menneske med norrøn avstamming på Grønland. Knappe to hundre år seinare fantes det knapt spor igjen etter dei. Livsgrunnlaget - kvalrossen - forsvann sakte.

Me følgjer den viljesterke unggutten Arnar på kvalrossjakt, når han rydder land til eigen gard, byggjer skip, jakter etter den store kjærleiken og deler livet sitt med Eir.

Boka er skriven på nynorsk. Tempoet er langsomt, men innhaldet er likevel spennande.

Om boka

Året er 1293, og ungguten Arnar Vilhjalmson ror kvalrossjakt for første gong. Etter jakta står ei jente framfor han. Ho ser på dyret han har felt, blikket hennar er trassig, orda hånande. Så snur ho seg og spring. Ho heiter Eir. I Vesterbygda på Grønland stig uroa. Kvalrossen som gjorde dei rike, har trekt seg unna. Skipa frå Noreg og Island som seglar hit for å drive handel kjem sjeldnare enn før. Er dette dei siste tider? Arnar har ein draum om å byggje seg eit skip og sette kursen mot landa i vest, der det fins tømmer, jern og framtidstru. I denne draumen er også Eir med. I jakta på ei betre framtid er han klar for å trasse både høvdingen, sine eigne gudar og lovane i landet han bur i. Omtalen er utarbeidd av BS.

Kontakt

Hå kommune
Ansvarleg redaktør: Anette Garvik
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagramBesøk oss på youtube
Bygd med Libry Content