Foredrag: «Fiendens kvinner og barn etter 2.verdenskrig»
av Cecilie Aarøe
Gratis - inga påmelding
Historia om andre verdskrig og etterkrigstida har ofte skugga for individuelle perspektiv. Mange uskuldige sivile vart påtvungne skuld og skam. Aarøe belyser eit slikt enkeltmenneske: Nortrud Stein, ei seks år gammal jente som i 1945 flykta saman med mora og to eldre systre, frå Tyskland til Danmark. Cecilie Aarøe er stipendiat i samfunnsfag og mikrohistorie ved Universitetet i Stavanger. Aarøe har også forska på korleis elevar kan arbeida som historikarar med same mikroperspektiv om tyske flyktningar i Danmark i perioden 1945–1949.
Nortrud Stein har sjølv utgitt to bøker om si historie: «Mine barndomsminner» og «Alle vil hjem».
Hjerneføde er ei foredragsrekke i samarbeid med Universitetet i Stavanger (UiS), for forskingsformidling.