Senk skuldrene med høgtlesingsstund for vaksne
Unn deg ein liten pause før jul.
Gratis - inga påmelding
Er du ei eller ein av dei som har litt høge skuldre før jul? Let du deg tyngje av smått og stort som skulle ha vore fiksa? Unn deg ein liten pause siste lørdagen før jul, og kom til biblioteket på Nærbø for ei lita høgtlesingsstund for vaksne. Tove les ei juleforteljing frå Mummidalen, som passar like godt for vaksne, og som minner oss på akkurat dette – at det er lov å puste og late roa senke seg. I høve at Mummitrollet er 80 år i år, er alle som er med på arrangementet med i trekninga om ein Mummi-kopp.