Familiemappa
Sist oppdatert 9. okt. 2023
"Kan eg skaffa meg ein oversikt over alle lån og reserveringer i familien?", er det fleire som lurer på.
Svaret er ja. Ved å nytta "Familiemappa" anten via "Mi side" på nettsida vår eller i Bibliofil-appen.
Om du til dømes ynskjer å ha oversikt over låna til barnet ditt, må du logga deg inn med barnet sitt lånenummer og pin-kode via "Mi side" eller i Bibliofil-appen. Eit stykke ned på sida finn du "Gi andre tilgang til å se mine lån og reserveringer" og deretter "Gi tillatelse til ....." ( her fyller du inn lånenummer eller e-postadresse til den som skal få tilgang. I vårt døme vert dette din eigen e-postadresse eller ditt lånenummer.)