Møterom og studieceller

Møterom 2, Nærbø
Møterom 2, Nærbø
Møterom 2, Nærbø
Sist oppdatert 9. okt. 2023

Møterom og studieceller på Nærbø

Utlån av møterom og studieceller i biblioteket på Nærbø må bestillast på førehand, i skranken eller per e-post/ telefon. Tilbodet er for vaksne og elevar på vidaregåande skule (frå fylte 16 år).

Vennligst møt opp til reservert tid. Om ein ikkje møter til oppsett tid, blir bestillinga kansellert.

For å nytta møterom eller studiecelle før og/eller etter opningstid, må ein ha nøkkelkort. Nøkkelkort blir lånt ut i skranken.

Møterom 1 har plass til 12 personar og møterom 2 har plass til 8-10 personar. Når det gjeld møterom 1, er det lag og foreiningar som har førsteprioritet. Begge roma kan brukast før og etter opningstid med nøkkelkort.

I tillegg har biblioteket på Nærbø to studieceller. Studicelle 1 kan bestillast før og etter opningstid og krev då nøkkelkort. Studiecelle 2 kan nyttast i opningstida til biblioteket.

Ønskjer du å bruka toaletta i møteromsavdelinga, må du hugsa nøkkelkortet for å koma inn igjen til møteromet/ studiecelle 1. Du kjem deg alltid ut ved å trykka på nøkkelbryter ved sida av ytterdøra.

Møterom på Ogna

Biblioteket på Ogna har eit lite møterom. Møterommet går an å låna i biblioteket si opningstid. Dette blir også brukt av skulen.

Kontakt

Ansvarleg redaktør: Anette Garvik
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagramBesøk oss på youtube
Bygd med Libry Content