Roman • Oppvekst • Biografiske forteljingar • Vaksne
Ung mann vil ut : roman
Lån boka
Tilgjengeleg på nynorsk:
Anbefaling frå biblioteket
Ny bok frå Edvard Hoem!
Marit L. Undheim
Nærbø
Hoem har skrive mange bøker om slekta si. Denne gongen skriv han om si eiga historie. I sin kjente stil, fortel han om ungdomstida, og korleis det var for ein ung gut frå bygda å flytta til "byen" og bu på hybel. Boka er personleg på ein anna måte enn tidlegare - her er det sjølvopplevd. Hoem fokuserer særleg på forholdet sitt til litteratur, og på dei litterære førebileta sine. Ei fin bok for deg som likte "Felemakaren" og "Slåttekar i himmelen", og som er klar for tilbakeblikk på nyare norsk historie.

Om boka
Edvard Hoem med ny roman frå sin egen ungdomstid, om forfattarkallet, den politiske oppvakninga og gudstrua. "Ung mann vil ut" er ein memoarroman som går tett på eit ungt sinn og ein tidsepoke. På seinsommaren i 1963 flytter den fjorten år gamle Edvard til Molde. Han skal gå på realskulen, som det heitte da, i byen - ein småby, riktignok, men så mykje større enn bygda han flytter frå. Han er ung, og han vil ut. Meir enn seksti år seinare skriv den aldrande Edvard han fram: den unge mannens bitre nederlag, store fryd, gnagande tvil og grenselause ambisjonar.
Utgåver