Forfattarbesøk av Svanhild Olianna Nessa
Litteratur og forteljing
Vaksne
med boka «Det fargerike åkledet».
Gratis - inga påmelding
Odelsguten Nils frå Nessa er gift med Margrete, og saman har dei seks barn. Tre barn har døydd i første leveår, til stor sorg for foreldra. I 1850 har Nils grubla seg fram til å reise over dammen, mot familien si vilje. Romanen utforskar kva som ligg bak ei slik stor avgjerd, og korleis det går med dei som er igjen heime.
«Det fargerike åkledet» er ein gjennomført og rik historisk roman, der spennet mellom den norske bondekulturen og den amerikanske draumen vert vist fram. Spanande plott og levande språk gjer Svanhild Olianna Nessa si bok til ei skattkiste for lesaren.