Konsert: Mari Hauge m/trio «Hjerta går sin egen vei»
Mari Hauge vert omtala som eit usedvanleg formidlingstalent og ein sjeldan artist.
Gratis - inga påmelding
Mari Hauge har i høve utvandringsjubileet 2025 gitt ut sitt andre album, «Hjerta går sin egen vei», som er skrive over morfaren hennar, forfatteren Alfred Hauge, sin trilogi om Cleng Peerson og utvandringa til Amerika.
Mari Hauge vert omtala som eit usedvanleg formidlingstalent og ein sjeldan artist, som med eit særeige musikalsk uttrykk leverer sterke konsertopplevingar, formidla med humor og varme.
Mari Hauge håper å trekkje nokre liner, frå eit 200 år gammalt kapittel og opp til våre dagar, i den same, store soga om mennesket sin ukuelege vilje til fridom.)
Medverkande:
Mari Hauge: tekstforfatter, komponist, vokal, gitar
Bjor Bohne: gitar, kor
Håkon Eivind Larsen: bass, kor
Svein Tindberg: innlesar
Støtta av Rogaland fylkesbibliotek