Fotosamling
Lurer du på korleis det såg ut på Nærbø i 1910 eller er interessert i gamle bilete?
Her kan du søkje i fotosamlinga vår.
Fotosamlinga er ei gratis teneste.
Bileta kan kun nyttast til ikkje-kommersielle føremål.
Hå bibliotek ynskjer å bli kreditert ved publisering av bilete frå fotosamlinga vår. (Foto: Hå bibliotek, fotosamlinga).
Dei fleste bileta i samlinga er i stor oppløysning (JPG-format).
Du kan bidra ved å laste opp nye bilete til fotosamlinga. Bileta vil bli kontrollert av ein administrator før dei eventuelt blir lagt ut for alle.
Viktig: Fotografen sine rettigheter varer heile levetida til fotografen og 15 år etter utløpet av dødsåret, men minimum 50 år etter at fotografiet er teke. Om fotografiet kvalifiserer som eit åndsverk, varer rettighetene heile levetida til fotografen og 70 år etter fotografen sin død.
Her er ein film som viser korleis du bruker fotosamlinga.
Kan du hjelpa med informasjon?
Biblioteket ynskjer å halda biletsamlinga oppdatert. Mange bilete manglar opplysningar. Om du skriv "Informasjon om dette biletet manglar" i søkefeltet så kan du sjå dei.
- Kjenner du fotografen?
- Veit du årstalet for fotografiet?
- Kva stad er det frå?
- Kven er med på biletet?
Har du opplysningar eller finn faktafeil, kan du sende oss dette i ein kommentar til biletet. Du kan og bestille bildefil i TIF-format (dette gjeld bileta innsamla på 80-talet + Widerøe-bileta) og få den tilsendt på mail.
Historikk - Hå fotosamling:
Det var den dåverande biblioteksjefen i Hå, Kurt Kristensen, og Statsarkivaren i Stavanger, Hans Eyvind Næss, som både tok initiativet til, og som sette i gang fotoinnsamlingsaksjonen i Hå, i 1982. Interkommunalt Arkiv i Rogaland vart og ein medarrangør, og både Hå historielag og Lisabet Risa, førstearkivar ved Statsarkivet i Stavanger var med som frivillige.
Mellom 1982 og 1987 var det fem innsamlingsaksjonar i Hå. I praksis lånte folk ut fotografia sine til avfotografering og produksjon av nye repronegativ. Fotografen og fotoarkivaren ved Statsarkivet stod for dette fototekniske arbeidet. I dag er om lag 12 000 negativ frå Hå arkiverte i spesialmagasin ved statsarkivet.
Desse nye negativa vart digitaliserte tidlig på 2000-talet, då bokverket «Hå kulturhistorie» skulle skrivast. Dei nye digitale bileta blei då også lagt inn i biblioteket sin katalog, men var i mange år ikkje søkbare.
Nå er eit stort registreringsarbeid uført, og alt av innsamla informasjon er registrert inn på bileta. Men det er ennå ein del bilete som manglar informasjon.