Til tenester og tilbod

Litteratur og forteljing

Tilbod til barnehagar

Ønskjer barnehagegruppa ein bokkasse eller kome på besøk i biblioteket?

Bil lasta opp med "Lesespirå-bøker" til barnehagane. Lesestund for barnehage i biblioteket
Bil lasta opp med "Lesespirå-bøker" til barnehagane. Lesestund for barnehage i biblioteket
Bil lasta opp med "Lesespirå-bøker" til barnehagane. Lesestund for barnehage i biblioteket

Bokkassar

Dersom du er tilsett i barnehage, kan du opprette eit institusjonslånekort i Biblioteket i Hå. Bøkene du ynskjer å låne til barna i barnehagen blir då lånt ut på institusjonslånekortet ditt og plassert i ein kasse. Slik vert det enkelt for deg å få med deg bøkene. Be gjerne om ein utskrift av lånet, slik at det blir lettare for deg å halde oversikt over bøkene.

Ved kontakt gjev du beskjed kva type bøker du ynskjer deg. Nokre gongar er det aktuelt med bøker innanfor eit tema. Andre gongar ynskjer du gjerne eit variert utval for å stimulera til leselyst. Hugs å oppgje alder på barna!

Besøk i biblioteket på Nærbø

Me har ein lang og god tradisjon for å ta imot besøk av barnehagegrupper. Fleire av barnehagane er flinke til å leggja inn besøk på biblioteket jamnleg. Det er koseleg og gildt at fleire av førskulelærarane legg dette inn i månadsplanane. Biblioteket er ope for alle. Barnehagar er alltid velkomne til å bruka biblioteket i opningstida.

Lesestund

Dersom de ynskjer ei lesestund tek de kontakt med biblioteket på førehand. For tida er det Anette Garvik som har hovudansvar for desse presentasjonane i biblioteket på Nærbø. De kan gjerne senda e-post direkte til ho for å gjera ein avtale.

Lesespirå

For barnehagar i Hå er det eit flott opplegg i samband med Verdas bokdag, som er 23.april kvart år. Barnehagane får utdelt to eller tre poser med nye biletbøker til odel og eige for barnehagen sin. Mange gongar vert overleveringa kombinert med ei lesestund på biblioteket.

Lesespirå-bøker har blitt utdelt til barnehagane i Hå kommune kvart år frå 2008.

Det heile starta med ei prosjektutlysing hausten 2007 der målet var språkstimulering i barnehagane gjennom leseaktiviteter. Hå folkebibliotek fekk dessverre avslag på denne søknaden, men idèen var for god til å sleppa den heilt. Fleire hadde vore på kurs i mellomtida og kom tilbake med engasjement og entusiasme. Det blei sett ned ei gruppe som utarbeidde eit nytt lokalt prosjekt inspirert av dette. Det nye prosjektet vart kalla "Lesespirå".

Dei fire overordna måla med dette prosjektet var:

  1. Være med å bidra til at leseferdigheter og leseforståelse blir bedre for deltakerne i prosjektet
  2. Etablere en kultur for lesing i barnehagen
  3. Legge til rette for aktiv språkstimulering og språkforståelse til alle barn (inklusiv de minoritetsspråklige)
  4. Bidra til at gutter inngår naturlig i flere språkstimulerende aktiviteter

Etter prosjektperioden har Hå kommune fortsett å støtta ordninga økonomisk, Hå folkebibliotek har stilt med tid og kompetanse. Skulebibliotekarkoordinator vurderer gjennom året kva for biletbøker som kan passe til barnehagane. Mot slutten av kalenderåret er boklista komplett og blir bestilt. Biblioteket får då bøkene i god tid før utdeling av bøkene i samband med Verdas bokdag 23. april det komande året.

Kva er Verdas bokdag?

Verdas bokdag er ei markering for å hylle bøker og forfattarar og oppmuntre alle til leseglede. Fleire forfattarar har 23. april som fødsels- eller dødsdag. Difor vart denne datoen vald til å løfte fram boka og litteraturen. Verdas bokdag vart oppretta av Unesco i 1995 etter mønster frå Barcelona der det er ein gammal tradisjon for å feire dagen med bøker og roser. Både Cervantes og Shakespeare døydde 23. april i 1616.

Kontakt

Hå kommune
Ansvarleg redaktør: Anette Garvik
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagramBesøk oss på youtube
Bygd med Libry Content