Til tenester og tilbod

Litteratur og forteljing

Tilbod til skular

Ønskjer du ein bokkasse til skuleklassen eller at elevane skal kome på besøk i biblioteket?

Fellessamlinga
Fellessamlinga
Fellessamlinga

Klassebesøk

Me har ein lang og god tradisjon for å ta imot besøk av både skuleklassar og grupper frå vaksenopplæringa ved biblioteket på Nærbø. Biblioteket er ope for alle. Skuleklassar og grupper frå vaksenopplæringa er alltid velkomne til å bruka biblioteket i opningstida.

Lesestund eller presentasjon av bøker

Dersom de ynskjer ei lesestund eller presentasjon av bøker, tek de kontakt med biblioteket på førehand. For tida er det Anette Garvik som har hovudansvar for desse presentasjonane i biblioteket på Nærbø.

Årlege invitasjonar til besøk i biblioteket på Nærbø

Ved hovudbiblioteket på Nærbø plar me invitera skuleklassane ved Bø, Høyland og Motland til å besøkja biblioteket vårt etter denne planen:

  • 1. trinn om våren. Elevane får utdelt lånekort dersom føresette har skrive under på dette.
  • 6. trinn om hausten

Bokkassar

Me lagar gjerne til bokkassar til SFO, skuleklassar eller vaksenopplæring. Dersom du er tilsett i skule, kan du oppretta eit institusjonslånekort i Biblioteket i Hå. Bøkene du ynskjer å låna til elevane på skulen vert då lånt ut på institusjonslånekortet ditt og plassert i ein kasse. Slik vert det enkelt for deg å få med deg bøkene. Be gjerne om ein utskrift av lånet, slik at det vert lettare for deg å halda oversikt over bøkene.

Ved kontakt gjev du beskjed kva type bøker du ynskjer deg. Nokre gongar er det aktuelt med bøker innanfor eit tema, eller bøker i ein bestemt sjanger. Andre gongar ynskjer du gjerne eit variert utval for å stimulera til leselyst.

Fellessamlinga

Fellessamlinga er ei samling bøker som er felles for alle skulane i Hå. Her kan vera klassesett av same tittel, bokkassar med fleire titlar av same forfattar eller kassar med bøker innanfor ein sjanger eller eit emne.

Nettressursar

Kvart år blir det arrangert leselystaksjonar for elevar på alle trinn i regi av Foreningen !les. Sjå oversikt over leselyst-aksjonar for ditt trinn her!

Nettstader om barne- og ungdomslitteratur:

Kontakt

Hå kommune
Ansvarleg redaktør: Anette Garvik
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagramBesøk oss på youtube
Bygd med Libry Content