Utlån av møterom og studieceller

Nærbø
Ogna
Rom og utstyr
Vaksne

Vil du gjerne låna eit rom til å studera eller arrangera møte i? Det er eit gratis tilbod.

Møterom 2, Nærbø
Møterom 2, Nærbø
Møterom 2, Nærbø

Møterom og studieceller på Nærbø

Utlån av møterom og studieceller i biblioteket på Nærbø må bestillast på førehand, i skranken eller per e-post/ telefon. Aldersgrensa for å låna rom/nøkkelkort utanom opningstida er 18 år. Innanfor opningstida kan elevar på vidaregåande skule (frå fylte 15 år) låna romma.

Vennligst møt opp til reservert tid. Om ein ikkje møter til oppsett tid, blir bestillinga kansellert.

For å nytta møterom eller studiecelle før og/eller etter opningstid, må ein ha nøkkelkort. Nøkkelkort blir lånt ut i skranken.

Møterom 1 har plass til 12 personar og møterom 2 har plass til 8-10 personar. Når det gjeld møterom 1, er det lag og foreiningar som har førsteprioritet. Begge romma kan brukast før og etter opningstid med nøkkelkort.

I tillegg har biblioteket på Nærbø to studieceller. Studicelle 1 kan bestillast før og etter opningstid og krev då nøkkelkort. Studiecelle 2 kan nyttast i opningstida til biblioteket.

Ønskjer du å bruka toaletta i møteromsavdelinga, må du hugsa nøkkelkortet for å koma inn igjen til møteromet/ studiecelle 1. Du kjem deg alltid ut ved å trykka på nøkkelbryter ved sida av ytterdøra.

Møterom på Ogna

Biblioteket på Ogna har eit lite møterom. Møterommet går an å låna i biblioteket si opningstid. Dette blir også brukt av skulen.

Bibliotek som tilbyr tenesta:

  • Nærbø
  • Ogna
Utlån av møterom og studieceller | Hå bibliotek